RØISHEIM: Unni og Wilfried dreiv Røisheim i 10 år, mellom 1985 og 1995. (Foto: Privat)

Drømte om Acapulco – havnet i Lom

Trange kår i Offenburg, læretid i Baden-Baden, et erketysk forhold til tid, Egon-oppstart og et rikere hotell-liv enn de aller, aller fleste kan drømme om. Dette er historien om Wilfried Reinschmidt.

Publisert

Denne saken ble først publisert i Fjukens sommermagasin. Avisen har gledelig gått med på å dele den fantastiske historien med Hotellmagasinets lesere. Returér gjerne tjenesten med å sjekke ut Fjuken.no!

Offenburg, ein i tysk målestokk mindre by, ikkje langt frå grensa til Frankrike og to mil frå storbyen Strasbourg. Der vaks Wilfried Reinschmidt opp i heller tronge kår under og etter den siste verdskrigen.

– Min far, det var ikke enkelt ... han var mye syk etter krigen. Vi mistet alt. Det var krigen som gjorde det.

Kjøkensjefen, hotellmannen og gründeren seier ikkje så mykje meir om det, men faren til Wilfried døydde ung og mora hadde ikkje råd til å koste utdanning. Utdanninga sytte han sjølv for. Fyrst gjennom arbeid og læretid, seinare gjennom formell utdanning.

 «Schteinrike»

NOKON ÅR SIDAN: Der junge Wilfried var 14 år gamal da han starta Wilfried den lange kjøken- og hotellreisa si. (Foto: Privat).

– Jeg reiste hjemmefra som 14-åring for å bli kokk.
Brenners Park-Hotel i Baden-Baden, eit luksushotell med nær 200 års historie, vart lærestaden. Unge Wilfried hadde uredd, med ein stor porsjon pågangsmot, starta reisa si.

På Brenners varta han opp for styrtrike sjeikar, den siste sjahen av Iran, kong Saud og den berømte hertugen av Windsor - Edvard - som sa frå seg krona av England av kjærleik.

HJEMME: I huset etter Vera og Olav Henriksen, som Reinschmidt etter alle kunstens reglar har pussa opp, nyt Wilfried sit otium. Han skulle gjerne hatt Unni ved sida si.

– Da Windsor kom til hotellet kom det først en bil med 60 kofferter, deretter èn med fire hunder, så kom det en bil med tjenere og til slutt kom bilen med Windsor og hans Wally.

Det var heller ikkje kva bilar som helst. Rolls Royce, Bentley - det dyraste som fanst.

– Husk, disse folkene var schteinrike.

Reinschmidt har snart sine femti år i Noreg, men det er ikkje vanskeleg å høyre at den røslege og myndige karen er tysk.

Tysk disiplin og «ordnung muss sein» er ingen klisjé i Reinscmidts tilfelle. For ein kjøkensjef og hotelldirektør må ting vera i orden og på plass. Dette gjev rom for ein anekdote, som i Reinschmidts kronologi kjem noko ut av rekka, men vi hoppar elegant frå dei overdådig rike til ein dag på Røisheim.

OSLO: I Oslo vart Unni og Wilfried kjent med mange av datidas kjendisar og maktpersonar, her representert ved daværande ordførar Albert Nordengen og tidlegare ordførar Rolf Stranger. Stranger hadde planlagt å feire 100-årsdagen sin på Røisheim, men døydde før han nådde dagen. (Foto: Privat).

Middagen er servert

Ein meir enn kjent norsk felespelar melder sin ankomst til den gamle skysstasjonen i Bøverdalen. Han ville oppleva noko eksotisk i dalstroka innafor med sin daverande kjæraste.

– Jeg ga klar beskjed om at middagen ble servert klokken 19, ikke før og ikke etter. Det måtte være sånn. Tre ganger fikk han denne beskjeden av meg, og da han dukket opp halvni-ni om kvelden sa jeg beklager, du har fått beskjed om tidspunktet. Jeg kan ordne et smørbrød eller et speilegg, men middagen er forlengst servert og vi må ta oss av gjestene. Han ble nok litt sur, jeg sa han kunne dra til Fossheim der de hadde à la carte.

Fiolinisten gjorde det.

1986: Av denne montasjen, som reklamerte med vinterferieopphald for 30 år sidan, ser ein mellom anna at eit opphald på den gamle skysstasjonen, med pensjon, kosta 280 kroner.

Park og Amerikalinjen

Allereie som tenåring hadde Wilfried skaffa seg eit bra kontaktnett, og han drog vidare. Til Sveits, og Grand Hotel Nazional, hotellfagutdanning og avdelingssjef på eit større hotell allereie 18-19 år gamal. Etter ei tid i Luzern går historia vidare innom Noreg.

TRIO: Dei siste Olsenbandenfilmane vart presentert på Egon, og premierefestane vart haldne på ein Egon-restaurant. Vi ser Valborg (Aud Schønemann), Benny (Sverre Holm) og Dynamitt-Harry (Harald Heide Steen jr.) (Foto: Privat).

Ikkje heilt tilfeldig kanskje, kontaktar og onkel og tante i landet og pågangsmotet fekk han til å skrive brev til Anders Jahre. Skipsreiaren hadde bygd Park hotell i Sandefjord. Det ville kokken og hotelmannen frå Offenburg vera ein del av.

– Jeg fikk ett års permisjon fra jobben i Sveits og ble tilsatt som kokk på Park i Sandefjord. I Sveits trivdest jeg godt, og skulle tilbake dit, men så kom det et tilbud fra Den norske Amerikalinje om å bli med på en tur til New York som kjøkkensjef om bord på amerikabåten Oslofjord.

Kjærleik

Det vart ikkje berre èin tur. Det vart fleire, cruise i Vest-India, jordomseglingar - og det vart kjærleik.

– Jeg fikk spørsmål om å være med Bergensfjord, med ansvar for 90 mann på kjøkkenet.
23 år var han, og tok det på seg.

– Alt går, jeg var ikke redd for noe. Jobber man hardt nok, lykkes man, meiner Reinschmidt.

1984: På Nordstrand vart den fyrste Egon-restauranten opna i 1984. Sidan har kjeden vakse og har nå over 30 restaurantar over heile landet. (Foto: Norrein).

Han lykkast også med å treffe Unni, jenta frå Lom som arbeidde som frisør ombord.

2016: Egon på Nordstrand er ”still going strong” den dag i dag. (Foto: Eskil Bjørshol).

– Vi forlovet oss på en tur til Vest-India. På båten var det et par, en østerrisk baronesse og en italiensk riking. De kjøpte forlovelseskjole til Unni i New York. Om hausten gifta dei seg i Lomskyrkja.

Fagernes - Malta - Oslo

Etter fire-fem år på sjøen gjekk Wilfried i land. Unni hadde vore med store delar av det siste året. Ferda gjekk til Fagernes, før det dukka opp tilbod frå den kjende Hilton-kjeda.

– Jeg fikk stillingen som soussjef på et Hilton-hotell på Malta. Dette var vel i 1967-68. Hotellet ble åpnet med dronning Elisabeth i spissen. Unni fikk dessverre ikke arbeidstillatelse på Malta, så vi kom på flyttefot igjen.

Reinschmidt fekk tilbod om sjefsjobb på Hilton Hotel på Curacao.

– Men vi ville til Norge - og jeg fikk jobb i Müller-kjeden, der jeg endte opp som faglig administrerende direktør.

Müllerkjeda vaks seg etterkvart for stor, og da selskapet gjekk konkurs i 1990 vart det omtala som den største hotellkonkurs i norsk historie. Da var Reinschmidt forlengst ute.

– Det ble ekspandert for raskt og kjøpt for mye, seier den tidlegare Müller-direktøren.

Egon

HELMAKS!: Reinschmidt og kompanjongen hadde fått tillate av produksjonsselskapet bak Olsenbanden-filmane til å bruke Egon som profil og varemerke. Egon (Arve Opsahl) var naturleg nok til stades på opninga. (Foto: Privat).

Han bestemte seg for å starte for seg sjølv. I fleire år dreiv han restauranten Frascati i Høyres Hus, vart medeigar i rekneskaps-/hotellfirma og mykje anna.

Selskapet NorRein, som han etablerte med Gerhard Nordberg, eksisterer den dag i dag. Det er i samband med dette at vi kjem inn på etableringa av ein av dei største norske restaurantsuksessane gjennom tidene.

– Det var vi som stod for etableringen av den første Egon-restauranten, på Nordstrand i Oslo. Jeg kjente Arve Opsahl og spurte ham om vi kunne bruke profilen hans som varemerke. Vi innredet restauranten litt fengselsaktig, hadde et sprengt pengeskap og en røff stil ellers. Arve Opsahl ble selvsagt med på åpningen.

Alle kjenner Egon-restaurantane, i dag er det over 30 av dei - svært populære. Dette måtte vel gjera Reinschmidt til ein «schteinrik» mann sjølv?

– Egon omsetter i dag for over èn milliard kroner, men jeg solgte aksjene mine billig. Jeg gav dem nesten bort. Jeg ville hele tiden skape noe og er ikke så opptatt av penger.

Røisheim

Han måtte vidare. Unni og han. Dei ville vidare til Lom.

– Soleggen var til salgs, men jeg slo ganske raskt fra meg det. Langt fra veg og lite tilgjengelig. «Du kan kjøpe Røisheim», sa daværende banksjef i Lom og Skjåk sparebank, Lars Kvaheim.

Den gamle skysstasjonen og hotellet hadde vore stengt eit par år. Staden kravde mykje for å tilfredsstille ulike krav, både til tryggleik og komfort.

– Å, du aner ikke hvor mange advarsler vi fikk mot å kjøpe Røisheim.

Han og Unni høyrde ikkje på dei. Dei kjøpte, dei investerte og dei jobba. Og jobba.

– Vi fikk svært mye og god drahjelp fra alle kontaktene jeg hadde fra tiden i Oslo. Pressen skrev om oss og vi fikk mye god reklame. Vi hadde, i de ti årene vi hadde Røisheim, ikke èn annonse. Folk kom, og vi hadde ventelister.

Eksklusive gjestar

Folk kom, og ikkje kven som helst. Dronning Sonja var der fleire gonger, Røkke og Rimi-Hagen, Treschow-familien, storgreve Alenfeldt-Laurvig, kongens familie i Brasil og mange mange andre «kondisjonerte»

Dei kom alle til ein fredeleg stad, med service, god mat og ro.

– De fikk være i fred på Røisheim, ingen visste at de var der. Det var en fantastisk tid, men hardt arbeid.

Unni og Wilfried jobba frå tidleg om morgonen til seint på kvelden. Det vart ikkje servert lunsj på Røisheim. Det tok si tid å førebu to bordsettingar for 50-60 gjestar som venta fire rettars middag. Krystall, tøyserviettar, sylvbestikk, porselen - Unni og Wilfried visste korleis dei ville ha det. Det lille ekstra. Dei visste korleis gjestane ville ha det.

– Unni var enormt flink til å skape stemning, hun var kvalitetsbevisst og ville ha det beste.

Fullt heile sesongen

I dei ti åra dei dreiv staden var det som eit lukka hotell for både bygdafolk og vegfarande turistar som ikkje hadde tinga plass. Turistbussar var ikkje å sjå. Det var rett og slett ikkje kapasitet. Det var ikkje fordi dei ikkje ville ha folk, men ein kunne ikkje ha folk som ville sjå seg om når det var fullt av gjestar ein måtte ta seg av - og gjestar som slett ikkje ville ha tilskodarar.

– Det var slik det var. Det var fullt hele sesongen, bare tidlig og sent var det åpninger for å ta imot gjester som ikke hadde bestilt. Etterhvert ble det å holde bryllup svært populært, vi kunne hatt bryllup hver helg. Vi bygde et kapell, som ble innredet med iventar og møbler som folk ga oss. Gjestene ble som venner.

Etter middag, var gjestane med på omvising i tunet og i dei gamle husa. Sjølv om mange hadde vore med på same turen året før, vart det ikkje det same om ikkje Wilfried tok dei med på ei runde etter middag, kaffe og cognac.

Røisheim gjekk godt, og Reinschmidt var i fleire år den største skatteytaren i Lom kommune.

– Alt som kom inn gikk rett inn i nye investeringer og forbedringer av stedet. Vi la oss ikke opp penger.

Det skal vera omløp, det skal skapast - ikkje saltast.

Mykje av ekteparet Reinschmidts eigne eigedelar; antikvitetar, bøker og mykje meir sette sitt preg på staden. Husa vart pussa opp etter alle kunstens reglar og Røisheim fekk Fortidsminneforeningens Vernepris. Hus og eigedom er freda, han kan ikkje delast opp. Det er Reinschmidt glad for.

Stopp

Ein dag var eventyret på Røisheim slutt.

– Jeg fikk et virus på hjernen, det gikk blant annet ut over balansen. Jeg klarte ikke å arbeide så hardt lenger.

Røisheim vart eit avslutta kapittel, men det hadde vore eit langt og godt eit. Helsa måtte koma fyrst. Røisheim vart seld med «hud og hår». Alt det private som hadde vorte med å prege staden vart att.

– Det hørte til der, det var en del av Røisheim.

Etterkvart vart helsa betre, og han hadde ikkje lyst til å pensjonere seg 57-58 år gamal.

Han ville vidare.

– Vi hadde kjøpt Helstad her i Lom, familiegården til Unni, der laget vi flere leiligheter og bygde selv et hus. I tillegg hadde vi Sør-Øy.

Når desse prosjekta var ferdige, måtte det skje nye ting.

Bøverton

– Unni skulle absolutt ha Bøverton. Det ble skilsmisse hvis vi ikke kjøpte det, truet hun med.

Reinschmidt humrar.

Den gamle turiststaden like før ein når Sognefjellet lokka dei til nye utfordringar.

– Det var i dårlig forfatning, og jeg skjønte at det ville bli like dårlig forretning.
Reinschmidts selde det dei hadde i bygda og gjekk laus. Renoverte, bygde om og bygde på og dei dreiv turisme på Bøverton om lag ti år.

– Det ble minst like bra og pent som på Røisheim og vi hadde så store planer - om et behandlingssted, et spa ...  men Unni ble syk og det veltet planene. Vi måtte finne på noe, kanskje vi kunne selge hyttene og fortsette med å drive et spisested, tenkte vi.

Det gjekk ikkje styresmaktene med på. Dei måtte bli kvitt det, og enden på den visa vart at ein stor privat barnehageeigar kjøpte staden for tre år sidan.

Varphaugen

Pensjonisttilveret såg Unni og Wilfried for seg på Varphaugen, det spesielle huset etter forfattar Vera Henriksen og mannen Olav. Som på Røisheim og Bøverton måtte store renoveringar til.

Så gjekk det ikkje som dei håpa. Unni døydde etter lang tids sjukdom på seinhausten i fjor. Ho var uhelbredeleg sjuk, men avslutninga vart ikkje som den skulle. Reinschmidt har mykje godt å seia om mykje, men han har fått eit småbittert syn på helsevesenet. Men ein kamp på den fronten, det orkar han ikkje.

– Jeg får ikke Unni tilbake.

Han har møtt mange av dei siste femti års såkalla notabilitetar, kjendisar og royale. Han hadde vener og kjenningar i høgare sfærer. Nå sit han einsleg på Varphaugen, og er snart ferdig med også det prosjektet.

Kanskje finn han på noko nytt, guten som i etterkrigs-Tyskland gjekk med avisa for å spe på familiens økonomi - som drøymde om Acapulco, og hamna i Lom.

Først skrevet og publisert i Fjuken.

Powered by Labrador CMS